Historia til garden 

Erna Underdal Skarsbø er 4. generasjon bonde på familiegarden i Underdal. Oldefaren til Erna, Peder Larsen Nedberge, kjøpte garden frå Lars i Øyna i 1882. Peder var fødd på Nedbergo der han dreiv som driftekar og førde fe frå Vestlandet til Austlandet. Han gifte seg med Kristine Kristendotter den 17. juni 1878 og tok namnet Underdal. Det var Peder og Kristine som starta den lange tradisjonen av osteproduksjon på garden, Peder sjølv hadde ei kiste han fylde med ost som han tok med til Bergen og selde. Peder overførde garden til sonen Lars i 1922 før han døydde fire år seinare i 1926. Lars, bestefaren til Erna, var fødd 1883 og gifta seg med Marta Øysteindotter (f. 1884) den 27. juli 1915. Dei fekk fem ungar i lag, og faren til Erna var den nest eldste av desse fem. Han var fødd den 8.august 1917 og vart kalla Peder etter faren til Lars. Lars døydde i 1935 av ein hjernesvulst, og etterlet seg ein ungeflokk i alderen 10-19år og ei kona som var invalid. Han var òg overlevd av mor si, Kristine, som var ein aktiv del av gardsarbeidet so lenge ho klarde. Kristine døydde i 1940.

 

 

Erna ein historie om nettopp kor aktiv Kristine var i gardsarbeidet:

 

«Papa, Peder, fortalde meg om ein gong dei skulle buføra til Jonadalen. Oldemor kom gåande til Langhuso buføre morgonen, morgonen før hadde ho vore på lauving på Li. Ho var født i 1856, og dette var etter bestefar, Lars, døydde i 1935, so ho var minst i slutten av 70åri. Då ho kom til Langhuso, tok ho med seg geitene til Jonadalen, medan bestemor, papa og syskena hans kom etter med kløvi og kyrne. Sidan bestemor var invalid, tok dette heile dagen, og då dei kom til Jonadalen hadde oldemor mjølka geitene og mylst (laga mylsa). Etterpå gjekk ho ned att til Langhuso og heimatt til Underdal. Dette er ei gjerning det står respekt av!»

 

Krigsåra var harde for familien, det var lite pengar, og det var ingenting som heitte enkepensjon eller barnetrygd i dei dagar. Men tapet av faren førde òg til ein syskenflokk som hadde stor respekt for kvarande og eit tett forhold i alle år. Peder gjekk på Sogn Jord- og Hagebruksskule under krigen (1943-44) to vintrar og ein sommar. I 1948 gifte han seg med Lovise Fretheim (f. 1922, i Arnafjord i Vik). Ho kom til Underdal som «jente» på garden Reina og vart varande. Ho hadde tidlegare tent både på Bakka, Drego og Otternes.

 

Lovise hadde på 30-talet lært og yste hjå ei gamal budeie på Nese; ei som hadde vunne gullmedalje for brimosten sin. Denne kunnskapen hadde Lovise med seg når ho kom til Underdal. I 1952, nokre år etter dei var gift, overtok Peder garden . Lovise og Peder fekk 4 jenter, Målfrid (f. 1948), Solrunn (f. 1954), Lilly (f, 1956- d.2007) og ittepådalten Erna (f. 1962). På 60-talet dreiv Lovise og Peder med frukt i tillegg til mjølkeproduksjon, og dei tente faktisk meir på eplesal enn på osteproduksjonen.

Under alle desse ættledda var det geiter, kyr, sauer, gris, høner og hest på garden. Den fyste traktoren kom til garden rundt 1969 og i 1971 var merri seld. Sylvia vart 27 år, og det var ein tung dag for Peder. Han rømde garden den dagen, og Øystein, broren til Peder, måtte leia ho ned til dyre transporten på ferja. I 1979 vart sauene selde og det var òg det siste året at geitene vart mjølka bortom på Husaflaten. Det var kanskje like greitt, då geitene ikkje likte seg der (og det gjorde ikkje Erna heller). Det hadde vore mjølkeplass for fleire bruk i generasjonar, og hadde òg vore slåttemark, men det vart det slutt med på 1960-talet.

 

Etter at sauene vart selde, auka garden geite-talet frå rundt 45 til meir enn 60. Samstundes hadde dei 2-3 mjølkekyr i tillegg til ungdyr. Fram til rundt 1980 vart all mjølking og ysting gjort for hand på stølane, då bygde bøndene frå dei forskjellige bruka ei kraftlinja til Melhus på dugnad på grunn av at det var under oppføring ein fellestøl for 4 av bruka, denne vert teken i bruk i 1982. Straum kom til Langhuso i samband med vegutløysinga i 1985. Dette var store framsteg for dei som var budeier på stølen då.

Erna si historie som bonde byrja då ho var ung, allereie som 3-4 åring stabba ho i føtene på faren, Peder. Der Peder og merri Sylvia var, der var ho òg. Erna fortel at ho har tydelege minner om at ho var på Rausshaug med Peder og henta ved med snøsleden, og at ho var med han til Melhus med møk i møkakjerra. Ho beskrive at ho kan fortsatt høyra lyden av hjula på møkakjerra, som det var jernbeslag på. Erna fortel her ei lita historie om korleis forholdet mellom ho og faren var; «Papa fortalde meg om då eg var 3-4 år gamal og ikkje kunne sei bokstaven h.  Papa prøvde og få meg til å sei hest, men eg svarte berre est. ‘Nei, sei hest’ sa papa, ‘est’ svarte eg. ‘Hest’ gjentok papa, og ‘merr’ svarte eg. Då var eg sikkert lei masinga hans!»

 

I 1974 var Erna 12 år og var med Lilly på stølen, som lærling. Dette var siste året Lilly var budeie hjå oss, då ho gifte seg same året og vart geitebonde på Hjødlo. Dei påfølgjande somrane var Erna med mora, Lovisa, på stølen. Lovise var ein fantastisk læremeistar, som gav Erna ansvar og aldri kjefta eller kom med peikefingeren viss ho gjorde feil. «Mamma sa alltid at eg lærde av feila mine, og det gjorde eg absolutt. Noko av det viktigaste eg lærde av mamma og papa var å handtere dyra med respekt. ‘Hytta til geitene, og dei hyttar att’ sa papa alltid. Ein annan ting eg lærde var at osten skulle vera skikkeleg.»

I 1978 fekk Erna ansvaret på stølen i lag med tanteungen hennar, Signe Lise. Erna var 16 og Signe Lise var 11, og dei hadde ansvaret for 75 geiter og 3 kyr. Alt skulle hand mjølkast og osten skulle rørast for hand, men dei klarte seg godt.

 

I 1984 overtok Erna garden etter Lovisa og Peder. Ho gifta seg med Sigbjørn Skarsbø i 1988, og saman har dei tre ungar; Silje (f.1986), Linn-Janette (f. 1987) og Per-Rune (f.1997). Per-Rune var den fyste guten fødd på garden på 77 år, noko som var stor stas med bestepapa Peder, som han var delvis oppkalla etter. Erna og Sigbjørn dreiv med kyr og geiter til 1999, då selde dei kyrne. Sidan har dei berre drive med geiter, og med osteproduksjon berre på Langhuso. Frå 2002 har garden pakta hjå garden på Hjødlo, saman med andre teigar dei har pakta hjå andre bruk.

=

Adressa: Tori-Per Garden, 5746 Undredal

E-post: erna_us_ynwa@hotmail.com

Telefon: 0047 90 71 83 57 

Telefon: 0047 97 58 65 73

Partnarar og samarbeidspartnarar

© 2020 Erna Underdal Skarsbø.  Created by Linn-Janette

  • Facebook App Icon
  • Instagram App Icon