top of page

Brimost

 

Brimosten vert produsert på Langhuso av mjølk frå våre eigne geiter. Osten inneheld, geitemjølk og inntil 3 liter fløyte pr 200 liter mjølk.

 

Brimosten held seg godt i kjøleskap når pakka inn i plast, den kan og frysast. 

 

Brimosten kan godt brukast som pålegg på både brød, lappar eller vafler. Nokon nyttar den òg i brunsaus, og andre rettar. Har du forslag om korleis den kan nyttast send oss gjerne tips eller oppskrifter.  

Geitapølsa

 

Pølsa vert produsert av kjøt frå våre eigne geiter på pølsefabrikken på Evanger, nett utføre Voss.

 

Pølsa inneheld geitakjøt, salt og sukker, og kan kjøpast heile eller halve.

 

Pølsa passar til rommegraut, som snacks, eller som pålegg. Har du forslag om korleis ein kan bruka pøsa så send oss gjerne tips eller oppskrifter.

Kvitost

 

Kvitosten vert produsert på Langhuso av mjølk frå våre eigne geiter. 

 

Den tradisjonelle kvitosten passa til det meste, om det so er på brødskiva, til spekematen, til lapskaus eller til middagen. På pizza eller pasta er den òg god!

​

 

Har du forslag om korleis den kan nyttast send oss gjerne tips eller oppskrifter.  

=

bottom of page