top of page

Bygda Undredal

Undredal er ei særprega lita bygd, plassert om lag midvegs inn i Aurlandsfjorden. Fram til slutten av 1980-talet var einaste veg til bygdesenteret sjøvegen. I dag er det køyreveg både vestover til Voss og Bergen og austover til Lærdal og Oslo. Vegen leier heilt ned til fjorden, der ein kan oppleve den minste kyrkja i Norden og den berømte geitosten frå dei mange geitene i dalen.

(Kulturhistoriskleksikon).

 

I dag har Undredal mellom 60-70 innbyggjarar, og i dei siste Ã¥ra har fleire av dei unge flytta heimatt etter endt skulegang. Bygda har og eit aktivt Ungdomslag og Grendalag. 

Ynskjer du Ã¥ finna ut meir om historia til bygda bør les pÃ¥ Kulturhistorisk leksikon. 

 

For informasjon om bygda i dag sÃ¥ har Undredal Grendalag ei eiga underside hjÃ¥ Nærøyfjorden Verdsarvpark. 

 

Visst du skal vitja Undredal sÃ¥ kan det vera lurt Ã¥ besøke Underdalsbui, der sel dei ost og anna lokalmat i tillegg til daglegvarer. Om sommaren er og Eldhuset pÃ¥ brygga ope med kafe og utstilling om geitostproduksjon i Undredal.

 

Undredal har òg den minste stavkyrkja i nord-europa som framleis er i bruk. 

 

Ynskjer du Ã¥ overnatta sÃ¥ bør de oppsøka Gjestestova, eit moderne overnattingsalternativ drive av Undredal Grendalag/Bygdeutvikling. 

 

Undredal ligg òg innan Nærøyfjorden VerdsarvomrÃ¥de som fekk UNESCO-verdsarvstatus i 2005. Grunnlaget for verdsarvstatusen er i hovudsak geologien i omrÃ¥det, der naturmangfaldet og kulturlandskapet gjev det ein ekstra verdie. Me er stolte partnarar av Nærøyfjorden Verdsarvpark. 

bottom of page