top of page

Som med fleire av dei andre gardane i Undredal har Erna og Sigbjørn òg ein teig på Stokko, samt at dei paktar ein til. Sjølv om ein fint kan følga stien til teigane frå bygda, er fjorden den einaste vegen når ein skal frakta slåtteutstyr ut til teigane og høyet inn att til Undredal. 

 

På stokka brukte ein før å hesja på gamlemåten for å tørka høyet, medan ein no vanlegvis tørkar flatt. Deretter legg ein høyet i høybører og fraktar det inn att til bygda. Der vert høyet henta på gamlabrygga med traktor. 

 

For at dette skal gjerast vert ofte heile familien og fleire satt i sving. 

 

Me har laga til ein liten video som syner kunsten å knyta ei høybør.

 

Kunstnaren er Sigbjørn. 

Stokko, ved Aurlandsfjorden
Sigbjorn på Stokko
Sigbjorn legg pa bor
Sigbjorn legg pa bor
Sigbjorn legg pa bor
Knyting av bor på Stokko
IMG_2366_edited
11796255_404944446365509_6711156973991730210_n_edited
11707803_404944736365480_1626785854378741639_n_edited
IMG_2375
frakt av hoy til Undredal fra Stokko
Malfrid er fast hjelp pa Stokko
Eit godt par
bottom of page