top of page

Besøk oss på Stølen

Budeia

Erna er fjerde generasjons bonde og osteprodusent på garden i Undredal. Osten vert produsert i hovudsak medan ho er på stølen Langhuso, frå 25. juli til slutten av september. Om ein ynskjer ost før juli kan dette avtalast på førehand. Frå ca. 15. mai til midten av juli er Erna og geitene på stølen Melhus. 

 

Erna er glad i å fortelja om livet på stølen og korleis dette har endra seg over tid, og folk er velkomne innom for ein smaksprøve på osten og ein liten prat. 

Baby goat undredal LJUS-Photography

Livet på stølen Langhuso

Midt i Nærøyfjoden verdsarvområde ligg bygda Undredal, og stølen Langhuso. På stølen er det i sesongen 4 geitebønder, men det er berre Erna som framleis produserar ost der. 

 

Langhuso er eit eldorado for både born og vaksne, der ein kan få helsa på både geiter og killingane, og ta ein tur innom budeia for ein prat og for å smaka på den lokale osten. I tillegg til eit besøk hjå buddeia kan ein ta ein tur på brekka for å plukka blåbær og andre bær som veks der.

 

Stølen ligg litt tilsides for vegen og borna kan fint leika fritt der mellom gamle seltufter, og gamle urar. 

 

Borna til Erna minnast godt ein barndom der heile stølen vart brukt til leik og moro, med hytter, leik med kje og klatring på hustuftene. 

 

 

=

bottom of page