Erna og Sigbjørn eig og driv farsgarden til Erna i Undredal. Det var Erna som fyrst tok over garden frå faren Peder i 1984, i ein alder av 22. Sigbjørn som òg kjem frå Undredal "reiste berre gjennom nabogarden" då han seinare flytta fram på garden.

 

Erna og Sigbjørn har tre born som alle har arbeida på garden i oppveksten. 

 

Odelsjenta Silje (f. 1986) flytta til England i 2004, og bur no i Kirrimuir i Skottland i lag med mannen Niall, dottera Aimee Marie og sonen Alexander.

 

Linn-Janette (f. 1987) flytta heim til Undredal i 2012 etter 5 år på universitet i Liverpool, England. Etter 3.5 åt som prosjektleiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark byrja ho sommaren 2016 som Flyktningkonsulent i Aurland kommune. I tillegg arbeidar ho med facebooksida og nettstaden til garden. 

 

"Etterpådalten" Per-Rune (f. 1997) arbeidar for tiden på Lerum i Sogndal, etter fullført læretid.  

 

I tillegg til dei omlag 120 geitabeista bur det og to hundar på garden Stella Polaris og Roxy Salah Klopp. 

 

Foreldra til Sigbjørn, Signe og Rognald, bur framleis i nærleiken av garden og deltok aktivt med både barnapass og høying så lenge dei hadde helsa til det. 

Adressa: Tori-Per Garden, 5746 Undredal

E-post: erna_us_ynwa@hotmail.com

Telefon: 0047 90 71 83 57 

Telefon: 0047 97 58 65 73

Partnarar og samarbeidspartnarar

© 2020 Erna Underdal Skarsbø.  Created by Linn-Janette

  • Facebook App Icon
  • Instagram App Icon
Linn med slåmaskin

Linn sier på Stokke, foto Signe Lise Skjerdal